Avansert søk

Eitt treff

Bokmålsordboka

Nynorskordboka 13 oppslagsord

jakte

jakta

verb

Tyding og bruk

  1. Døme
    • jakte i fjellet;
    • jakte på rev;
    • jakte etter småvilt
  2. prøve å fange eller få tak i
    Døme
    • styremaktene jaktar på skattesnytarar
  3. streve for å skaffe seg;
    Døme
    • jakte etter ære, gods og gull

fugl

substantiv hankjønn

Opphav

norrønt fugl

Tyding og bruk

  1. virveldyr med to bein, fjør og venger, som legg egg
    Døme
    • store fuglar;
    • jakte på fugl;
    • kjenne seg fri som fuglen;
    • fuglen sit og syng i buret sitt
  2. kjøt av fugl (1)
    Døme
    • ha fugl til middag
  3. Døme
    • ein einsam fugl;
    • ho er ein fri fugl

Faste uttrykk

  • framand fugl
    noko eller nokon som kjenner seg eller blir sett på som framand i eit miljø
  • fuglen er flogen
    personen det er snakk om, er vekke
  • korkje fugl eller fisk
    korkje det eine eller det andre
  • lause fuglar
    personar som har falle utanfor i samfunnet og som ikkje har nokon plass å bu
    • bygget er ein tilhaldsstad for byens lause fuglar
  • smake av fugl
    vere av høg kvalitet;
    love bra
    • den nye boka smakar av fugl
  • éin fugl i handa er betre enn ti på taket
    det vesle og sikre ein allereie har, er meir verdt enn alt ein håpar eller trur ein kan få

lisensjakt

substantiv hokjønn

Tyding og bruk

jakt på dyr ein har fått lisens (2) til å jakte på

jakting

substantiv hokjønn

Tyding og bruk

det å jakte;
Døme
  • ha interesse for jakting;
  • jakting på rype og skogsfugl

veide 2

veida

verb

Opphav

norrønt veiða

Tyding og bruk

fange, felle (vilt);
Døme
  • veide rein;
  • vere ute og veide

ubåtjagar

substantiv hankjønn

Tyding og bruk

snøgt krigsfartøy spesialbygd til å jakte på ubåtar

revir

substantiv inkjekjønn

Opphav

gjennom lågtysk opphavleg same opphav som revier

Tyding og bruk

  1. område som ein jeger har oppsyn med eller rett til å jakte på
  2. område (territorium) som eit dyr forsvarer som sitt, til dømes ein hekkeplass

grunn 1

substantiv hankjønn

Opphav

samanfall av norrønt grunnr m ‘botn’ og grunn n ‘grunne’ og grund f ‘mark’;

Tyding og bruk

  1. mark (1, jord(overflate), jordsmon
    Døme
    • bryte ny grunn;
    • vere, kjenne seg på usikker, gyngande grunnvere usikker, ha vanskar
  2. Døme
    • (måtte) gå frå gard og grunngå fallitt;
    • jakte på annan manns grunn;
    • avstå grunn til kommunen
  3. (art av) fast berg, fjell
    Døme
    • grunn av gneis
  4. Døme
    • gå, stå, sitje på grunnfast i botnen;
    • trekkje båten av grunnenlaus frå botnen;
    • gå til grunns el. grunnesøkke; overf: øydeleggjast, fortapast;
    • riket, alkoholikaren gjekk til grunne
  5. Døme
    • raud kross på kvit grunn
  6. jordfast underlag (for hus);
    Døme
    • grave, støype grunn til eit hus;
    • huset brann ned til grunnen;
    • byggje på solid grunn;
    • byggje opp, starte (noko) frå grunnenfrå byrjinga;
    • granske noko frå grunnen av;
    • leggje grunnen til eit arbeidgrunnlaget;
    • leggje noko til grunn (for meining, standpunkt, avgjerd)
  7. Døme
    • ha grunn til å tru ...;
    • ha sine grunnar for å gjere noko;
    • dette gjev grunn til mistanke;
    • grunnen til fråværet er sjukdom;
    • av gode grunnar laut eg bli heime;
    • forretninga er stengd på grunn av sjukdom
  8. i faste uttrykk

Faste uttrykk

  • av den grunn
    derfor
  • fast grunn under føtene
    på landjorda; ein trygg stad, eit visst utgangspunkt
  • i grunnen
    eigenleg, alt i alt (er eg godt fornøgd)
  • nå grunnen
    nå botnen
  • på grunn av
    som følgje av; forkorta pga.
    • brua er stengd på grunn av uvêret
  • rå grunnen
    vere herre aleine
  • ta grunn
    nå botnen

fotoobjekt

substantiv inkjekjønn

Tyding og bruk

noko eller nokon som blir eller kan bli fotografert
Døme
  • jakte på gode fotoobjekt

etter 2

preposisjon

Opphav

norrønt eptir, eftir

Tyding og bruk

  1. seinare enn;
    ved utgangen eller fullføringa av
    Døme
    • etter jul;
    • ete middag rett etter jobb;
    • eg er ledig etter klokka fem;
    • etter eit år;
    • etter mykje strev
    • brukt som adverb
      • året etter;
      • dei reiste heim ei stund etter
  2. brukt for å vise at noko er lenger vekke eller ligg bakanfor noko anna;
    bak;
    Døme
    • ho følgde etter meg;
    • stille opp elevane etter kvarandre
    • brukt som adverb
      • sakke etter
  3. brukt for å vise at ei handling er ein konsekvens av ei tidlegare hending;
    som følgje av
    Døme
    • tørke opp etter uhellet;
    • rydde etter måltidet;
    • vaske hendene etter dobesøket;
    • låse døra etter seg;
    • vere sliten etter reisa;
    • skadane etter ulykka
  4. med grunnlag eller utgangspunkt i;
    i samsvar med;
    i høve til
    Døme
    • etter ordre frå sjefen;
    • etter reglane;
    • spele etter notar;
    • teikne etter minnet;
    • herme etter nokon;
    • spille etter tur;
    • etter beste evne;
    • dømme etter utsjånaden;
    • betale etter vekt;
    • vere stor etter alderen
  5. i same retning som;
    Døme
    • fare etter elva;
    • fram etter vegen
  6. brukt i uttrykk for målretta handling for å få tak i eller oppnå noko
    Døme
    • springe etter ein;
    • gripe etter boka;
    • rope etter ein;
    • leite etter orda;
    • gå etter ved;
    • skrive heim etter pengar;
    • jakte etter rein;
    • vere ute etter å vinne;
    • vere grådig etter pengar;
    • politiet er etter meg
    • brukt som adverb
      • tenkje nøye etter
  7. som kjem frå eller har opphav i
    Døme
    • finne spor etter hare;
    • arve pengar etter far sin;
    • enka etter bror min
  8. brukt for å indikere ei ubroten rekke;
    i tillegg til
    Døme
    • dag etter dag;
    • mil etter mil;
    • den eine etter den andre;
    • ho sprang runde etter runde
  9. ved å halde i;
    ved hjelp av
    Døme
    • bere bytta etter hanken;
    • henge etter hendene
  10. brukt som adverb: på nytt;
    så det blir fullt, heilt eller fullstendig (igjen)
    Døme
    • jamne etter;
    • fylle etter med bensin på bilen
  11. brukt som adverb: att, igjen, til overs
    Døme
    • det vart mykje etter;
    • gløyme noko etter
  12. som adverb: hen
    Døme
    • kor skal du etter?
    • kor er han etter?

Faste uttrykk

  • etter måten
    forholdsvis
    • dei oppnådde eit etter måten dårleg resultat;
    • det regna etter måten kraftig
  • gje etter
    ettergje;
    om underlag: svikte;
    om person: bøye seg, vike
    • dei gav etter (el. ettergav) gjelda;
    • planken gav etter;
    • vi må gi etter for overmakta
  • litt etter litt
    noko om senn
  • ta etter
    herme etter;
    etterlikne, kopiere